onsdag 29. august 2012

FRA HYTTEBOKA - 2: TO + TO OSTER

Hytta (kalt Reina) ble bygget i 1943. Her ”tomtearbeider” rett etter at den var tatt i bruk.


 











Det var ikke alltid like enkelt å få benyttet seg av det nybygde ”drømmestedet” de første par årene.
Litt etter krigen skriver mormor Margit om en hendelse sommeren 1944:

"……………… i slutten av juni, då Kari var ferdig med skolen, drog vi oppover, Asbjørn, Kari, Ester Nilsen (hushjelpa) og eg. Vi kjørte med Balstad, og då vi kom ned lia mot Fuglem, vart vi stansa av nokre ungdomar som melde frå at det var kontroll av lensmannen ved Grøttevegen. Alle som ikkje hadde pass hoppa då av og stakk til skogs. Esther og eg vart gåande å stulle for oss sjølve ein times tid, av og til var vi borte ved vegen for å speide. Asbjørn og Kari vart med vidare og lova å senda oss bud. Det kom også nokre ungdomar på sykkel og haldt oss underretta om situasjonen, og vi fekk tilslutt ”ordre” om framrykking i retning av P.A. sin sommerfjøs. Men då vi nærma oss det, kom det andre gutongar snikande og ba oss venta for no var lensmannen gått utover til Grøtte. Dei skulde plystra når vegen var klar. Eg hadde inntrykk av at dei tykte det var en festleg situasjon og at dei kjende seg nærmast som indianarar på krigsstien.Det var ein herleg sommarkveld, det dufta av mose, lauv og lyng, fuglane song og bekkane klukka. Ingenting skulde vel vera likare enn ein skogstur i slike høve, men grunnen til at vi gjekk der, tok bort mykje av gleda ved det.
            Vi kom då heilskinna fram til hytta ut på kvelden. Asbjørn og eg reiste ned att etter ein 3-4 dager, mens Kari og Ester skulde vera der åleine ei tid.

En stolt hytteeier skuer utover Selbusjøen sommeren 1948.













                Først på juli vart forretninga til Asbjørn stengt. Han dreiv på ein 14 dagars tid å freista få litt greie på korleis stillinga var, reiste til Oslo ein tur og mitt i varmaste tida – men ingenting nytta. Så tenkte vi som så at no skal vi riktig reise til Reina ein månads tid og ta det med ro.
            Pass var det ikkje muleg å få til meg, men skitt, no hadde det gått så mange gonger, vi våga det lell. Det var fredag 20. juli -44, dagen for attentatet på Hitler at vi lasta på en lastebil og drog av stad. Herligheita vara ikkje lenge Det var ein fredag form. vi kom hit, og alt laurdag etterm. kom det ”storfremmen” til Reina. Det var politiløytnant Rokstad og politibetjent Brøgger. Kari og eg sat ved vinduet i peisestua og såg bilen komme og ut steg altså to herrar i uniform. Då forsto vi kva klokka var ”slagen”  og Kari vilde skysse Ester og meg i kjellaren, så skulle ho gå å møte dei. Ho var jo for ung til å bli avkreva pass. Eg hadde likevel liten lyst til å bli fakka som ei mus i min egen kjellar(!) og gjekk ut til karane.  Ester forsvann inn på ”barneværelset”.
            Vi kom jo fort til enighet om at eg ikkje hadde noko pass, og det hjalp ikkje det spor at Asbj. hadde, tvert om, det vart tatt i frå han, og vi skulde herifrå på raude rappen. Asbj. var ikkje inne då dei kom, kl. var nemleg om lag 19, og då er det lett å rekna ut kva han heldt på med. (Lytting på radio på Fuglem. KLi anm.)
            Det pussigste ved det heile var at vi nett den dagen hadde fått sendande 2 raude og 2 kvite geitostar. Dei låg på kjøkkenbenken til lufting og Rogstad vart so oppi det at han reint hoppa over dørterskelen. Det berga nok Ester, for han gløymte reint å sjå inn på barnev. som i dei andre romma, og da dei endelelg var gått, fann eg Ester langflat i senga inne ved veggen, varm og svett. Det var uråd å sjå at ho låg der.
            Ja, så var det slutt med turane til Reina til freden kom. Mulkt fekk eg og – heile kr. 250, men ho vart no ikkje betalt."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar